Totalt antall sidevisninger

fredag 4. mars 2011

Ny blogg!



No er vi i starten av mars, og eg har vore litt "slækk" i oppfylginga av nyttårsfortsettet mitt; å dyrke meir av hobbyen min! Eg har så lenge eg kan hugse likt godt å bruke hendene mine. Eg har teikna, mala, strikka, fotografert og laga ting, og har alltid likt å halde på med noko kreativt. Men når døgnet har for få timar og tidsklemma strammar grepet, er det ikkje alltid tid og krefter til å gjere det ein vil.
No vil eg gjere noko med det, og for å pushe meg sjølv litt ekstra tenkte eg å laga ein blogg for å samle nokre av tinga eg har laga. Kanskje eg då for ånda til å lage meir...?

Til høgre er eit oljemaleri som eg har laga til nokre av fadderungane mine. Inspirasjon henta på nettet.

Det andre er eit portrett av Emil som står på fanget mitt og ser ned på meg. Biletet er fortsatt under produksjon;)

3 kommentarer:

  1. Utrulig kjekt å sjå bloggen din :) Gler meg til du legg inn fleire av tinga du lagar !! Utrulig fine bilder, og Emil er berre heilt nydelig :)

    SvarSlett
  2. Takk ska du ha, Cecilie! Må no sei at du he inspirert mej litt da! Ej he vår innpå bloggen din monge gonga, og blitt like imponert kvar gong. Kjempeflinke e du!

    SvarSlett
  3. No e du i gong vettu:) ditte blir en bra blogg når du kjeme me alle dine verk!!

    SvarSlett