Totalt antall sidevisninger

onsdag 29. juni 2011

Fargeklem og heimelaga vegg-klokke


Dette er mala i akvarell til storebroren min Raymond, og hans fru Annfrid!



Vegg-klokke inspirert av ei klokke eg fann på nett.. Eg lurte lenge på korleis eg kunne finne materiale som var mjukt nok til å klippe/skjere i, men stivt nok til å henge på veggen. Løysinga var eit Diddle-skrivebordsunderlag, der baksida var svart. Visarane er ei demontert klokke kjøpt på Biltema. Sommarfuglane blei klipt, visarane blei plukka ifrå kvarandre og montert på matta og voilá; ei sommarfugl-klokke å ha på veggen! Den er ca 50cm i diameter og går som ei klokke ;)

Ellers er handarbeid langt nede på prioriteringslista, då husbygging er i fokus for tida.. :)


3 kommentarer:

  1. Du imponerer meg stadig! For er flott maleri !!! Du er jo skikkelig kunstnerisk og dyktig! Flott!!

    SvarSlett
  2. Tusen takk, Marit! "Kunstverka" mine kan vel ikkje sammenligne sej heilt med dine veggmaleri akkurat, men nokre små kreasjona no og då blir det gjerne;)

    SvarSlett
  3. For ei genial klokke..! fann bloggen din i dag, utrulig mykje fint, -jammen e du allsidig :o) Veldig fine bilder, har sjøl en forkjærlighet for tre-silhuetter ;o)
    God helg!

    SvarSlett