Totalt antall sidevisninger

fredag 18. mars 2011

Viktoria



Viktoria er tante-ungen vår (Stig og Elin si eldstedatter). Ei utfordring å teikne, då originalen er eit superfint bilde av ei superfin jente! Teikninga er litt annleis i verklegheita, skuggar og gjenskin kjem fort med når ein tek bilde av eit bilde..

PS Og for den som lurer så har jenta litt ulike auger på original-biletet også ;)

lørdag 5. mars 2011

Å tegne er å se

- er ein av dei beste bøkene eg har lese når det kjem til teikning og maling. "Å teikne er å sjå" er ei setning som eg har tenkt på mange gonger, og er eit prinsipp eg prøver å jobbe etter. Ein skal bruke augene meir enn hovudet når ein teiknar!

Her kjem ulike skisser, nokre meir ferdige enn andre. Har hatt ulikt fokus (f.eks skyggelegging) og ulike teknikkar (f.eks. opp/ned) her. Alle er teikna med blyant HB-8B








fredag 4. mars 2011

Ny blogg!



No er vi i starten av mars, og eg har vore litt "slækk" i oppfylginga av nyttårsfortsettet mitt; å dyrke meir av hobbyen min! Eg har så lenge eg kan hugse likt godt å bruke hendene mine. Eg har teikna, mala, strikka, fotografert og laga ting, og har alltid likt å halde på med noko kreativt. Men når døgnet har for få timar og tidsklemma strammar grepet, er det ikkje alltid tid og krefter til å gjere det ein vil.
No vil eg gjere noko med det, og for å pushe meg sjølv litt ekstra tenkte eg å laga ein blogg for å samle nokre av tinga eg har laga. Kanskje eg då for ånda til å lage meir...?

Til høgre er eit oljemaleri som eg har laga til nokre av fadderungane mine. Inspirasjon henta på nettet.

Det andre er eit portrett av Emil som står på fanget mitt og ser ned på meg. Biletet er fortsatt under produksjon;)