Totalt antall sidevisninger

mandag 16. januar 2012

Ugler til barnerom









Eg har kasta meg på uglebølga! Dette er eit lite resultat av at eg (endeleg!) har fått fiksa symaskina mi. Det tok 6 år, men no er den oppe og går igjen! Mi mors store draum er at eg skal bli flink med symaskina.. Ho har alltid vore veldig dyktig å sy, og har sydd alt frå boblejakker, dressar, kjolar, gardiner og mykje meir! Sjølv har eg svært begrensa kunnskap innan saum, og får utslett berre eg ser eit symønster. Ordet "trokling" gjer at eg får behov for å legge meg ned med beina høgt.. Derfor begynn eg i det små i form av desse uglene/monstera. Planen med dei er å feste dei i ein uro. Foreløbig får dei henge i desse greinene. Nokre av dei har små bjeller i seg, andre har "knitrepapir". Nokre er litt fine og andre er litt stygge.

3 kommentarer:

  1. Kan det bli noke tøffare? Ken so e so heldige å få dissa på rangla si då??

    SvarSlett
  2. Emil he adoptert dei allerede;)

    SvarSlett
  3. Så fine! Trokling er noe jeg så godt som aldri gjør, til tross for at jeg ofte syr.. Hehe...

    SvarSlett