Totalt antall sidevisninger

søndag 22. april 2012

Alpakka til nyfødt





Denne bodyen er strikka i Alpakka-ull frå Drops. Oppskrifta er henta frå boka Myk Start, og strikka i str 3-6 mnd. Myk Start har bomma før og gjort det igjen, måla er heilt feil..! Men sidan mottakaren er nyfødt når det vintrast igjen, går det greit. Men neste gong kjem eg til å strikke den mykje større.. 










Oppskrift frå sokkane er henta frå www.garnstudio.com. Vottane er strikka på "rus", men flettinga er likt som på sokkane. 

Alpakkaulla er mjukt og godt og kan brukast direkte på huda. Den er tre gonger varmare enn vanleg ull,og seiast å ha ei "healande" evne! :)




Her er eit lite bilde av Emil den gongen han brukte sin omslagsbody. Denne fekk vi av ei snill dame som heiter Oddbjørg, og er ein av dei plagga Emil har brukt mest. Det er også derfor akkurat ein slik body er strikka igjen, og vi håper at mottakaren set like stor pris på den som det vi gjorde!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar