Totalt antall sidevisninger

tirsdag 31. januar 2012

Lyset i tunnellen (skogen)


Eg er veldig fasinert av tre, og har bestemt meg for å prøve å male ein del av dei framover. Dette biletet er mala i akryl på lerret. Str 80 x 60 cm.






Biletet eg har mala etter er henta frå nettet

torsdag 26. januar 2012

Barneleiker i elefantform

Ettersom eg ikkje har oppskrift på desse har eg strikka ein heil haug, slik at eg ikkje skal gløyme framgangsmåten. Emil elskar dei, og samlar heile gjengen rundt seg rett som det er. Kanskje der er fleire ungar som vil få glede av dei? I så fall lagar eg gjerne fleire.

Denne gongen har eg strikka av garn i 100% bomull. Dette var eit supert stoff å strikke med, og det gjer også leikene lettare å reingjere. Øyrene til elefantane har "knitrestoff" i seg, og er kjekke for småttisar å knipe på. Elefantranglene har også ei bjelle i seg. Det skal ikkje alltid så mykje til å gjere dei yngste interesserte i form av lyd, fargar og form...









fredag 20. januar 2012

Bilde






Bilde mala på lerret med akryl, str 100 x 40. Kva det skal forestille er det ingen som veit, men Trond meinte det skulle heite Dalføra Innanfor, så då heiter det det! Det er mogleg det blir endringar etterkvart, med litt meir fargar, men førebels skal det få henge slik.

mandag 16. januar 2012

Ugler til barnerom









Eg har kasta meg på uglebølga! Dette er eit lite resultat av at eg (endeleg!) har fått fiksa symaskina mi. Det tok 6 år, men no er den oppe og går igjen! Mi mors store draum er at eg skal bli flink med symaskina.. Ho har alltid vore veldig dyktig å sy, og har sydd alt frå boblejakker, dressar, kjolar, gardiner og mykje meir! Sjølv har eg svært begrensa kunnskap innan saum, og får utslett berre eg ser eit symønster. Ordet "trokling" gjer at eg får behov for å legge meg ned med beina høgt.. Derfor begynn eg i det små i form av desse uglene/monstera. Planen med dei er å feste dei i ein uro. Foreløbig får dei henge i desse greinene. Nokre av dei har små bjeller i seg, andre har "knitrepapir". Nokre er litt fine og andre er litt stygge.

søndag 15. januar 2012

SMIL : månedens tema for Øyeblikks fotokonkurranse


Her er mitt bidrag til Øyeblikks konkurranse! Temaet denne mnd er SMIL, og eit vakrare smilande vesen enn Emilen vår skal ein vel leite lenge etter!


Dette bildet er med i en fotokonkurranse hos Øyeblikk - http://www.oyeblikk.net/

onsdag 11. januar 2012

Elefant

En liten elefant strikka i mjukt alpakkagarn med pinnestr 2,5.