Totalt antall sidevisninger

lørdag 24. mars 2012

Retro svart-kvitt-grønt







Dette bildet frå 50-talet var på trykk i Bergens Tidene i 2008, og viste seg å vere eit bilde av tanta mi, verdens beste Tante-Else. Her er ho ca 18 år og sit på bryggen i Bergen og pillar reker. Bestefaren min står i bakgrunnen.

Bildet er mala i retro-stil, og berre nokre detaljar er tatt med. Då bildet var litt utydeleg måtte det også ein del improvisasjon til for å få til detaljane. I følge ho mor lignar maleriet meir på ho sjølv på den alderen. I følge Trond lignar det på hans bestemor.. Så eg har tydelegvis mala eit universalfjes :P

tirsdag 20. mars 2012

søndag 18. mars 2012

Traktorfrakken


Denne frakken er strikka i Eskimo, og er tjukk og god. Den er snart eit år gammal, så kva oppskrift eg brukte er ikkje godt å sei.. Emil likar den i alle fall godt, og grunnen til det er truleg fordi den har eit lite traktormerke. Alt som har med traktor å gjere er kjekt!










tirsdag 13. mars 2012

Kjekkasgenser og "My little bit"




Denne kjekkasgenseren er strikka etter oppskrift frå Pickles, str 6 mnd. Det eg syns er tøft med denne genseren er at den ikkje er så posete som mange tjukkegensera er.. Den er på ein måte litt slim-fit. Tjukkelestane er strikka etter ei standardoppskrift frå garnstudio. Fargen er petroliumsblå, og garnet heiter Merino Extra Fine frå Drops.



Merinoull er ein garntype eg har brukt monge gonger. Nokre av eigenskapane til merinoulla er at den er slitesterk, og den er veldig mjuk utan å klør. Den tåler monge vask, og kan vaskast på 40gr i maskin. Ypperleg til barneklede altså! I tillegg er den fuktabsorberande og har ei veldig god varmeeffekt. Nok ei fun-fact er merinoulla har ei antibakteriell effekt (pga lanolinen), den beskytter mot UV-stråling og er flammehemmande!


Plagga eg lagar framover kjem også til å bli "pynta" med ein eigen merkelapp; "My little bit". Eg har grubla ein del på kva som skal stå på merkelappane, og etter litt mimring kom det opp at eg (av ein eller annan grunn) sa denne setninga veldig ofte når eg var lita. "Yes, My little bit", svara eg ofte når nokon ba meg om noko. Eg var vel litt kjend for dette ei periode, så sitaten kan like godt følge med vidare også. Enkelt og greitt og passar til plagg for både store og små. Marihøna er også noko som har fulgt meg ein del gonger. Eg fekk tilfeldigvis tildelt ei marihøne som symbol på plassen min både i barnehage og barneskulen når eg var lita. I ca 10 år var det altså ei marihøne som møtte meg kvar morgon, så også ho skal få bli med vidare :)