Totalt antall sidevisninger

lørdag 28. juli 2012

Tilbehør til barnebunad

Bunadsstrømper i str 2 år, med hue og hoseband/flettaband/henteband. 






Desse vart laga til tanteungen Kristoffer sin dåp. Hoseband har eg aldri laga før, men med litt prøving og feiling nokre månedar, studering av andre hoseband og bilder frå nettet, vart det eit fint resultat. 

Ei veke før dåpen fann vi ut at Emil hadde vokse ut av sine gamle bunadsstrømper, så det vart ikkje tid til å strikke heile strømper, og han måtte nøye seg med leggingsar: 






Eit par bilder frå framgangsmåten på flettinga (for øvring same måte som armbanda vart fletta):




mandag 23. juli 2012

Kjøkkenhage på 1-2-3

Det blei kjøkkenhage i år også, trass dårleg vér! Eg har alltid likt å styre med hagearbeid, og no når vi endeleg har fått vår egen hage måtte vi sjølvsagt så og plante diverse planter og grønnsaker! Det meste av det vi har sådd har vi fått nyte godt av allerede. Resten ventar vi tolmodige på! Etter å ha lese meg opp på ulike plantefrø, gjødseltypar og prata med venninner med grønnare fingrar enn meg (takk, Monica), var det berre å setje i gong. Her er ein liten "guide" (kanskje helst til neste år?) på korleis ein kan gjere dette på ein enkel måte:

1) Bestem kva grønnsaker du vil dyrke fram, kjøp frø og forkultivér inne dei som treng det (så-månad osv står bak på pakken). Eg valgte å så basillikum, tomat, peppermynte, squash og appelsintre inne, i mai-juni. Så dei i god plantejord. Denne er gjødsel i, og du treng ikkje å tenke meir på gjødsling før dei skal omplantast ute. 

2) Kjøkkenhage av pallekarmar: Finn ein lun og solrik plass, dekk til med duk og sett to karmar oppå kvarandre. Duken (gjerne med singel i botnen) sikrar god drenering. Fyll i med plantejord. 




Nokre plantar vil ha det ekstra lunt og skjerma. Eit gammalt vindu gjer susen. Emil var med heile vegen og sørga for å få det reint og fint.                                            
  




3) Vatne jorda godt og så frø som kan såast rett på friland. Nokre av dei vi sådde var gulrotfrø, sukkererter, reddik, plukksalat og isbergsalat. Frøa eg sådde innandørs var no store nok og klare til å plantast ut. For å gi dei ein mjuk overgong satte eg pottene inne i mini-drivhuset (karmen med vindu) nokre dagar før eg planta dei i dei ulike kassene. Ein squash-plante strauk med, resten klarte seg fint. 

4) Vatne heller mykje og sjeldan enn lite og ofte! I år har det regna rikeleg, men på varme dagar har dei fått rikeleg vatn med Emil. Litt gjødsel blanda i vatnet gjer susen (ikkje gjødsle jorda når plantane framleis er frø, det kan bli litt sterkt for ein liten spire). 






Etter ei tid ser det slik ut: 







Squash har begynt å kome til syne:


Spørs om vi rekk å smake på sukkerertene før hausten kjem... :


       
I skråninga nedanfor huset har vi laga ein liten åker. Størsteparten er jordbæråker, resten har gulrøter, reddikar, persille, sukkererter og squash: 















Reddikar og jordbær er vel det vi har fått nytt best av til no. Dagleg har vi plukka og hatt i salaten eller på brødskiva. Kan anbefalast!! 








torsdag 19. juli 2012

Kontrastar



Eit bilde inspirert av den flinke naturfotografen Adam Burton. Mala med akryl på lerretsplate.  






                               


                                   


                                                      ... har fått plass på loftstova...



                                 

søndag 1. juli 2012

Fletta armband og flettasveis






Armband "fletta" av Linie-garn. Same fletteteknikk er brukt som til henteband til herrebunad. Tråden består av 40% bomull, 40% polyakryl og 20% nylon, er veldig smidig å flette med, og gir ein veldig fin glans.

Armbanda blei laga på eit hotellrom i Trondheim, der vi var for å feire bryllup. Legg også ved nokre hårsveisbilder, som også kanskje kan gå under kategorien handarbeid? :p