Totalt antall sidevisninger

mandag 30. desember 2013

Jul

Endeleg var jula her! Etter eitt år med spørring frå 4-åringen vår om "E det jul snart? Påske da?" kunne vi endeleg fortelle at no nærma jula seg! Og no er den snart slutt, så då gler vi oss til påske ;) 



Årets kalender, inspirert av deasogmia (som også var å finne i Foreldre og Barn). Denne er ca 120cm høg og laga av gamle plankar støypt i betong. Trond laga stammen, eg sydde posar. I posane var det alt frå smågåver til nøtter, godteri og ting vi skulle gjere den dagen. 



Av betongrestane støypte vi dette adventsfatet, også inspirert frå DeasogMia. 



Og jula blir feira saman med desse kjekke nissane: