Totalt antall sidevisninger

mandag 30. desember 2013

Jul

Endeleg var jula her! Etter eitt år med spørring frå 4-åringen vår om "E det jul snart? Påske da?" kunne vi endeleg fortelle at no nærma jula seg! Og no er den snart slutt, så då gler vi oss til påske ;) 



Årets kalender, inspirert av deasogmia (som også var å finne i Foreldre og Barn). Denne er ca 120cm høg og laga av gamle plankar støypt i betong. Trond laga stammen, eg sydde posar. I posane var det alt frå smågåver til nøtter, godteri og ting vi skulle gjere den dagen. 



Av betongrestane støypte vi dette adventsfatet, også inspirert frå DeasogMia. 



Og jula blir feira saman med desse kjekke nissane:



torsdag 17. oktober 2013

Sengeslange



Sengeslange laga av stoffrestar, sengeklede og vatt. 






Idéen er henta frå www.mrs-hardy.com :)




For den bekymra sjel kan eg forsikre at knappane og "tunga" er skikkelig festa etter alle kunstens reglar ;) 

fredag 19. juli 2013

Stubbegalskap

Stubbane som vart satt til tørk i haust har no fått ein ny vår! Dei fire stubbane vart til to nattbord, eit "kaffibord" og ein stubbekrakk. Dei er pussa og nokre av dei har fått nokre strøk maling.


















lørdag 6. juli 2013

Gulvteppe til barnerom

Teppe til gutterom strikka på pinnestr 10 med Drops Paris og Drops Polaris. Eg brukte 6-dobbel Parisgarn, og det kjennes i fingrane! Dette var tungt! Men teppet blei tjukt og godt og passar godt inn på barnerommet. Teppet er forresten strikka på frihand, så det er berre eit prøveprosjekt. Men trur eg skal strikke eit til så snart fingrane har lega seg igjen ;) (kanskje lurt å bruke meir enn ein dag på eit slikt prosjekt, for fingrane sin del ;) )






lørdag 29. juni 2013

Ulltrøye frå nøstebarn

Deilig ulltrøye til baby strikka i Drops sitt alpakka- og silke-garn. Garnet er både slitesterk, mjukt og varmt.



lørdag 1. juni 2013

Nøstebarnjakke




Nøstebarnjakke strikka i Drops Alpakka. Eit fantastiskt mjukt og godt garn!!




Endeleg fekk eg brukt treknappane med blomstermotiv på!






Er det andre som har strikka denne jakka? Syns den blei veldig laus i halsen.. Eg måtte srikke opp masker rundt halsen og strikka nokre omg r/vr. Syns den blei akkurat passeleg no, men det blei eit aldri så lite "brudd" i mønsteret.

lørdag 25. mai 2013

Stjernevest

Vest strikka i merino extra fine. Ein vest med stjerne på er vel noko ein liten gut som fyller 1 år må ha! Ein vest lik denne fann eg i denne bloggen: http://hvittimitthjem.blogspot.no/. Eg har ikkje funne ein slik i butikkane (ikkje i grått og lysblått i hvert fall), så då var det berre å ta fram strikkepinnane! 


Stjerna er klipt ut frå stoffet på ein duk og sydd på med maskin.