Totalt antall sidevisninger

mandag 26. desember 2011

Vest til to små tutter









Pickles.no inspirerer igjen! Denne gongen til to vestar til to tantejenter, Nanna og Juni i Hønefoss. Lilla er den nye favorittfargen til tanta, og det må mottakarane lide for. Eg har også prøvd å hekle, sjølv om dette er noko eg absolutt ikkje mestrar! Det er i alle fall heklablomster det skal forestille, det som er på kanten av vestane.. Eg fekk også litt hjelp av modellen min på to år, som lot seg vere prøvedokke mot litt bestikkelse. Litt stor var vesten til han, men forhåpentligvis passelig til en femåring!

Ellers er eg no klar for eit nytt år med nye prosjekt! Julegavene er ferdige, det blei m.a. sokkar, huer, hanskar og jakker i år. Det er kjekt å gi vekk gåver ein har laga sjølv, og brukt litt tid på. Eg var også så heldig å få gåver som er heimelaga. Eg fekk m.a. eit nydeleg sjal som pappa har strikka, og ei flott veske sydd av Kristina til å ha strikketøy i! Glede!!

lørdag 17. desember 2011

God jul, med tova engel


Engel strikka og tova. Ca 60cm. Den kan kanskje minne om noko nokon har laga på barneskulen, men det er den altså ikkje. Den er laga av ei godt vaksen jente! :)




søndag 27. november 2011

Ein strikkeferdig pappa!






Må berre skryte litt av min strikkedyktige pappa! Desse fikk eg til jul i fjor. Dei er strikka og tova. Den største er ca 120cm høg, og den minste ca 60 cm høg. Litt tidleg å ta fram nissar no, men desse er så fine, så dei skal få stå :)

lørdag 19. november 2011

Fotokonkurranse - "sjølvportrett"


Her er mitt bidrag til Øyeblikks fotokonkuranse, der vekas tema var "sjølvportett"... Eit lite bilde frå tida med Emil i magen:








TA+EN+LOGO%21.jpg

Dette bildet er med i en fotokonkurranse hos Øyeblikk - http://www.oyeblikk.net/

søndag 13. november 2011

Farsdag!

Gratulerer til verdens beste pappa med farsdagen!





Emil er også litt meir nonfigurativ av seg:



Og for å utligne farsdagen må mor male seg eit høne/fugle
bilde..

Fjøre og oppnedkunst

Fotografering og fotokunst er utruleg givande, og noko eg skulle ønske eg hadde mykje større kunnskap om! Eg kan lite om både lukkartid og blendaråpning, men har funne ut at eg kjem langt med å trykke på "P" på Canonen, og fyre laust. Desse bileta er alle tatt av speilbilete i sjøen...




onsdag 12. oktober 2011

Lampe i origamistil. SDS/DIY


Desse origamilampane er bretta av tapetstrier. Dei skal eigentleg brettast av origamipapir til små ballar, men etter eg gjorde dette fann eg ut at i litt større skala ville dei vere dugandes som lampar også. Det tok lang tid, men eg syns resultatet vart fint.

Den minste er 175 x 87,5cm, den største er 200cm x 100cm. Den største var umogleg å brette aleine, så då var det godt å få hjelp av kollega Georg på helgevakt :)







Litt frå "produksjonen":


Papirstria må først brettast på langs, tvers og til slutt diagonalt i alle retningar. Deretter kan "begera" formast.








Når heile stria er bretta ferdig og begera er forma kan kortendane koblast saman.


Test av lyskvaliteten (lampane har dim-bare led-pærer som ikkje avgir varme)


fredag 7. oktober 2011

Stumtjenar


Inspirert av Swedese-stumtjenarane. Dette er skåre ut av ei hobbyplate og er ca 2 meter høg. Mala med kvit Bengalakk og festa til veggen med stålrør ca 15mmx15cm. Bengalakken har ei veldig høg glansgrad = høgglans :)









søndag 18. september 2011

Puff


Denne er laga med pinnestr 15 og av det tjukkaste garnet Kreativiteten hadde å by på! Fargen er grå-lilla. Oppskrifta er tatt utgangspunkt i Pickles sin Puff Daddy, med nokre justeringar.


Det tok ca 2 timar å strikke den, tjukke pinnar anbefalast ;)



Denne lisje karen har godkjent produktet! Puffen er fylt med dundyne og dunpute, så den er tung og fast å sitte på.



Perlestrikk..

søndag 14. august 2011

Stranddame og silkemaling


Stranddama er mala med olje og er ca 60x40cm


Første (og kanskje siste?) gong er har prøvd å male på silke. Det er vanskeleg når malinga flyt utover med det same ho treff stoffet, men syns resultatet blei ok likevel!

mandag 25. juli 2011

Sommarfugl-uro





... til baby (nei, eg har ikkje bolle i ovnen;)). Denne er laga av kartong, gjennomsiktig tråd, krystallar, sølvstreng, stålring og armband. Om det blir laga fleire vil eg bruke meir fargar. Denne blei laga med TV-sendingane frå terroren i Oslo i bakgrunnen, derfor kvit.

onsdag 29. juni 2011

Fargeklem og heimelaga vegg-klokke


Dette er mala i akvarell til storebroren min Raymond, og hans fru Annfrid!



Vegg-klokke inspirert av ei klokke eg fann på nett.. Eg lurte lenge på korleis eg kunne finne materiale som var mjukt nok til å klippe/skjere i, men stivt nok til å henge på veggen. Løysinga var eit Diddle-skrivebordsunderlag, der baksida var svart. Visarane er ei demontert klokke kjøpt på Biltema. Sommarfuglane blei klipt, visarane blei plukka ifrå kvarandre og montert på matta og voilá; ei sommarfugl-klokke å ha på veggen! Den er ca 50cm i diameter og går som ei klokke ;)

Ellers er handarbeid langt nede på prioriteringslista, då husbygging er i fokus for tida.. :)


torsdag 19. mai 2011

Ull og blått






Eit bilde "av" broren min, Sindre, på Slogen laga i ull. Å prøve å snirle til ein liten mann av ull var ikkje lett, så den er litt større enn på originalbiletet;) Originalen er eit skikkelig tøft bilde frå ein fjelltur i Sunnmørsalpane, der fjella var dekt av skodde, heilt til dei nådde toppen..

Bilde nr 2 er mala i olje, og er frå tanteungen min, Amalie, var eit par år og sat i badekaret og leika seg. Vatnet var varmt, så ho var ikkje så blå i verklegheita ;)