Totalt antall sidevisninger

mandag 25. april 2011

Garsholhølen




Garsholhølen om hausten. Dette er eit oljemaleri eg mala i Geiranger medan eg hadde ambulanse-vakt. Bildet er tatt frå stovevinduet til svigers med mobilen, så alle detaljar har eg ikkje klart å få med (det er også ein del gjenskin frå lerretet..).



Same utsikta, sett frå ein annan vinkel og ei anna årstid. Dette er den finaste staden på jord, og eg er kjempeheldig som får lov å vakne opp til ei så flott utsikt kvar einaste dag!!

mandag 18. april 2011

Bjørkehjerter










Dette er to av mange bjørkehjerter som har blitt til siste tida. Laga ein del før jul, men eg vart litt lei av å klippe greiner. No har det akkurat våre felling av bjørketre i hagen, så då var plutseleg tilkomsten av greiner veldig grei. Sjølve tvinninga går relativt raskt.

(PS har laga nokre av desse på bestilling også, skal eg lage fleire må det skje fort før blada sprett ut;))




Nokre småhjerter vart laga av restegreinene. Desse passa fint på Emil sitt påsketre! Det er sjølvsagt gullguten som har vore flink og mala påskeegg:)

onsdag 13. april 2011

Strikk til en nykomling!



Ei skjønn lita prinsesse har kome til verda, og for at ho ska halde varmen komande vinter har eg strikka denne dressen. Mora (Kristina) strikka et herleg teppe då Emil vart født som vi har satt stor pris på. Derfor måtte denne jenta få noko som kanskje blei satt like stor pris på. Garnet som er brukt er Merino Extra Fine, og oppskrifta er frå Sandnesgarn.

(Emil har for øvrig same dressen, denne vart strikka av ein kjempedyktig morfar!)