Totalt antall sidevisninger

tirsdag 27. november 2012

Stubbebord



Vi trengte eit lite bord i hjørnet på stova, men det var ikkje lett å finne det rette. Då passa det fint at SvigerPer hadde monge stubbar på løda som skulle kløyvast. Eg var rask og sikra meg nokre av dei, og etter nokre veker på tørk begynn dei no å bli klare til bruk. Eg hadde eigentleg tenkt å male sidene med kvit bengalakk, og kanskje eg gjer det med tida. Foreløbig syns eg dei blei fine slik dei er. 













Og så eit lite bilde av godsauen eg sikra meg på Brandalsmessa, ein kjekk kar som er god å varme beina på. Sauen er laga av Wenche Haddal (kvardagsenglar).



fredag 9. november 2012

Messe

Dei siste vekene har forberedelse til Bigsetmessa stått i fokus på handarbeidsfronten. Messa er no til helga, 10. - 11. november frå kl 12-18. Her er noko av det eg skal stille ut:




King size- nissar


Selgast i familie på 3; nissefar, nissemor og lisjegut/jente


Nissane er tova, og er i str 40 cm til 130 cm. Skjegg og hår er frå hasundske villsauer. 




Ranglefantar i sterke fargar med bjeller og "knitrelydar"


Elefantar 


Elefantane og ranglefantane er strikka i sterk bomullstråd i eige design


Panneband i merinoull. Varmt og godt og kløfritt!


Tøffetaus-hals


Tøffing-hals


Fantefjes-hals


Søtnos-hals


Også halsane er i merinoull og passar i alderen 1-5 år. 


Sanseputer og erteposar


Bjørkehjerter. Nokre er pynta med mose, andre med lyng og nokre kjem i nettoen


I tillegg kjem eg til å stille ut nokre av bilda mine.

Ho mor overtalte meg til å bli med på messa, noko ho kanskje har angra litt på då ho såg kor mykje arbeid det var. Så då heiv ho seg rundt og strikka panneband og nissesjal til den store gullmedalje! Tusen takk, kjekkaste mamma!


Eg gler meg til ei kjekk helg med masse folk, standar og kulturinnslag! Vel møtt, alle saman!

onsdag 3. oktober 2012

På veg til Flø



Bilder laga på bestilling til ei kjekk jente som for ei tid sida flytta frå "Vik" til Flø. Marlene ville ha to bilder i str 60 x 80 cm, og dei skulle vere i grå/lillatonar.  




Mot Flø



 Mot vik







torsdag 30. august 2012

Onsdagsbilde






Bilde av nokre kjekke sauer. Mala i tonar av turkis og gråbrunt. Sauene og noko av horisonten er mala med sølvmaling, som gjer at dei "skiftar farge" etter lys og vinkel.

fredag 24. august 2012

Fredagsbilde












Mala i akryl med fargane brungrå, mint og kvitt, på lerret 60 x 60cm 





tirsdag 21. august 2012

Sansepute for baby



Sansepute for baby med knitrepapir, "biteband" og ugle med heklabein. 















tirsdag 7. august 2012

Kjærestetre



Kjærestetre mala med akryl og strukturmaling som er med på å gi litt meir "liv" i motivet. Mala i kvit- brun- og sølv-tonar (tilfeldigvis same fargane som i villsauskinnet ved sida av ;) ) .


Fjernbilde




 Nærbilde

lørdag 28. juli 2012

Tilbehør til barnebunad

Bunadsstrømper i str 2 år, med hue og hoseband/flettaband/henteband. 






Desse vart laga til tanteungen Kristoffer sin dåp. Hoseband har eg aldri laga før, men med litt prøving og feiling nokre månedar, studering av andre hoseband og bilder frå nettet, vart det eit fint resultat. 

Ei veke før dåpen fann vi ut at Emil hadde vokse ut av sine gamle bunadsstrømper, så det vart ikkje tid til å strikke heile strømper, og han måtte nøye seg med leggingsar: 






Eit par bilder frå framgangsmåten på flettinga (for øvring same måte som armbanda vart fletta):