Totalt antall sidevisninger

fredag 27. april 2012

Forklekjole med skaut og bukse


Forklekjole med ballongbukse/shorts og skaut. Mønsteret er henta frå boka "Sy til barn". Stoffet er dynetrekk frå Kid og hjertet er frå ein duk. Denne søte jenta stilte som modell, tross litt for store klede! 


  

Nok no!!!


søndag 22. april 2012

Alpakka til nyfødt





Denne bodyen er strikka i Alpakka-ull frå Drops. Oppskrifta er henta frå boka Myk Start, og strikka i str 3-6 mnd. Myk Start har bomma før og gjort det igjen, måla er heilt feil..! Men sidan mottakaren er nyfødt når det vintrast igjen, går det greit. Men neste gong kjem eg til å strikke den mykje større.. 










Oppskrift frå sokkane er henta frå www.garnstudio.com. Vottane er strikka på "rus", men flettinga er likt som på sokkane. 

Alpakkaulla er mjukt og godt og kan brukast direkte på huda. Den er tre gonger varmare enn vanleg ull,og seiast å ha ei "healande" evne! :)




Her er eit lite bilde av Emil den gongen han brukte sin omslagsbody. Denne fekk vi av ei snill dame som heiter Oddbjørg, og er ein av dei plagga Emil har brukt mest. Det er også derfor akkurat ein slik body er strikka igjen, og vi håper at mottakaren set like stor pris på den som det vi gjorde!

torsdag 19. april 2012

På veg

.. eller på elv?

Bilde mala med akryl på lerret 60 x 60 cm.



Øyeblikks fotokonkurranse med tema: Street Photografi

Her er Emil, bestemt og målretta, på veg "bolt te na faffal".


Mitt bidrag i konkurransa til Øyeblikk-jentene:
www.oyeblikk.net

tirsdag 17. april 2012

Utstilling på Kaffikari

I dag har eg vore og hengt opp nokre av bileta mine på Kaffikari. Dette er Ulsteinviks koseligaste kaffibar. Utsøkt mat, nydeleg kaffi og kjekt personale! Tenk så heldig eg er som får pynte veggane der med kunsten min! 6 bilete totalt blei det. To blei solgt med det same. Kjekt!!!







fredag 13. april 2012

Dalstrøka innafor II





Ein ny versjon av Dalstrøka Innafor. Denne gongen med bedre penslar som gjer det lettare å male fleire detaljar.

lørdag 7. april 2012

Mjukaste mjuke panneband





Panneband strikka i perlestrikk. Dobbel tråd av Drops Merino Extra Fine og Drops Alpakka. Oppskrifta finn du her: http://rubys-verden.blogspot.com/2011/11/oppskrift-pa-myke-panneband.html.

Om du ikkje vil prøve sjølv, strikkar eg gjerne for deg. Special price for you, baby!

torsdag 5. april 2012

Stemningsbilde frå film





Bilde mala på lerret 60 x 40 cm. Motivet er henta frå filmen Oliver Twist.

tirsdag 3. april 2012

God påske!

Vi har veldig lite påskepynt i huset. Kvar er eigentleg ein naturleg stad å plassere små gule påskekyllingar?? Vi har no fått i hus litt søtt påskepynt Emil har laga i barnehagen og nokre fine greiner med gåsungar (takk, Therese :) ). Og så har vi desse damene...:







Uff, tenk at eg ein gong laga desse og syns dei blei fine.. Men sidan dei er både handlaga og påskete fortjener dei ein plass i bloggen og i huset no i påskeveka. Eg plasserer dei i gangen, slik at folk som kiker innom trur at heile huset er pynta til påske ;)

Desse er tatt i dag kl 1900, Emil ser ut på påskevéret og seier "godnatta ute".. :)