Totalt antall sidevisninger

mandag 30. desember 2013

Jul

Endeleg var jula her! Etter eitt år med spørring frå 4-åringen vår om "E det jul snart? Påske da?" kunne vi endeleg fortelle at no nærma jula seg! Og no er den snart slutt, så då gler vi oss til påske ;) 



Årets kalender, inspirert av deasogmia (som også var å finne i Foreldre og Barn). Denne er ca 120cm høg og laga av gamle plankar støypt i betong. Trond laga stammen, eg sydde posar. I posane var det alt frå smågåver til nøtter, godteri og ting vi skulle gjere den dagen. 



Av betongrestane støypte vi dette adventsfatet, også inspirert frå DeasogMia. 



Og jula blir feira saman med desse kjekke nissane:



torsdag 17. oktober 2013

Sengeslange



Sengeslange laga av stoffrestar, sengeklede og vatt. 






Idéen er henta frå www.mrs-hardy.com :)




For den bekymra sjel kan eg forsikre at knappane og "tunga" er skikkelig festa etter alle kunstens reglar ;) 

fredag 19. juli 2013

Stubbegalskap

Stubbane som vart satt til tørk i haust har no fått ein ny vår! Dei fire stubbane vart til to nattbord, eit "kaffibord" og ein stubbekrakk. Dei er pussa og nokre av dei har fått nokre strøk maling.


















lørdag 6. juli 2013

Gulvteppe til barnerom

Teppe til gutterom strikka på pinnestr 10 med Drops Paris og Drops Polaris. Eg brukte 6-dobbel Parisgarn, og det kjennes i fingrane! Dette var tungt! Men teppet blei tjukt og godt og passar godt inn på barnerommet. Teppet er forresten strikka på frihand, så det er berre eit prøveprosjekt. Men trur eg skal strikke eit til så snart fingrane har lega seg igjen ;) (kanskje lurt å bruke meir enn ein dag på eit slikt prosjekt, for fingrane sin del ;) )






lørdag 29. juni 2013

Ulltrøye frå nøstebarn

Deilig ulltrøye til baby strikka i Drops sitt alpakka- og silke-garn. Garnet er både slitesterk, mjukt og varmt.



lørdag 1. juni 2013

Nøstebarnjakke




Nøstebarnjakke strikka i Drops Alpakka. Eit fantastiskt mjukt og godt garn!!




Endeleg fekk eg brukt treknappane med blomstermotiv på!






Er det andre som har strikka denne jakka? Syns den blei veldig laus i halsen.. Eg måtte srikke opp masker rundt halsen og strikka nokre omg r/vr. Syns den blei akkurat passeleg no, men det blei eit aldri så lite "brudd" i mønsteret.

lørdag 25. mai 2013

Stjernevest

Vest strikka i merino extra fine. Ein vest med stjerne på er vel noko ein liten gut som fyller 1 år må ha! Ein vest lik denne fann eg i denne bloggen: http://hvittimitthjem.blogspot.no/. Eg har ikkje funne ein slik i butikkane (ikkje i grått og lysblått i hvert fall), så då var det berre å ta fram strikkepinnane! 


Stjerna er klipt ut frå stoffet på ein duk og sydd på med maskin. 


mandag 13. mai 2013

Baby booties


Der finns ulike versjonar av handlaga baby booties, både strikka og hekla. Her er min versjon, strikka til gutane Leon og Sondre. 








lørdag 23. mars 2013

Egg utan øyreverk - med oppskrift



Ein måte å halde egga på påskebordet varme på. Enkle og raske å lage, og ungane syns dei er superartige!














Bruk kva garn som helst, så lenge dei passar til pinnestr 3.

Lue med fletting:

Legg opp 30 masker på strømpepinnestr 3,5. Strikk rundt 1r, 1 vr, 4 omg. På neste omgang strikk 11 masker rett, 2 vr, 4 rett, 2 vr, 11 masker rett. På neste omgang strikk 11 r, 2vr, sett to masker på en "hjelpepinne" foran arbeidet utan å strikke desse. Strikk dei neste to maskene bak hjelpepinnen, strikk maskene på hjelpepinnen, 2 vr, 11 rett. Gjer dette kvar 4. omgang. (omgangane imellom strikkast 11 r, 2vr, 4 rett, 2 vr, 11 rett). Strikk slik til arbeidet måler 6 cm, fell så 12 masker jamt fordelt på dei neste to omgangane. Tre tråden gjennom dei gjenverande 18 maskene og snurp igjen. Stram og fest tråden. Lag små duskar (ca 1,5 cm) og fest dei i toppen.

Lue med rullekant:

Legg opp 30 m, strikk rettstrikk rundt til arb måler 6 cm, fell 12 masker jamnt fordelt dei neste 2 omg. Tre tråden gjennom dei gjenverande 18 maskene og stram. Fest dusk i enden.  




GOD PÅSKE!!!

torsdag 14. februar 2013

Emilgenseren


  

 Denne blei strikka på frihand ei arbeidshelg, utan å kunne prøve den på Emil undervegs.. Eg var heilt sikker på at eg strikka den meir enn stor nok, og at den kom til å vare til neste vinter også. Men den passa berre akkurat, og kjem berre til å kunne brukast denne vinteren.. Men den er mykje brukt allerede, og passar godt til pilothua! Det gjekk med 4 garnnøster av Nepal frå Drops, men skulle hatt et par meter meir med tråd slik at halsen kunne hatt den lengda som var tenkt..



Mønster: eget
Garn: Nepal frå Drops
Pinnestr: 4,5
Treknappar frå Stoff og Stil







torsdag 7. februar 2013

Pilotlue

Emil har fått seg "pilotlue". Han trengte ei god hue som er varm, kløfri og har god passform. Den skulle varme godt både i nakke og på kinn, utan å sige ned i augene. Vi har prøvd utallige huer utan å bli skikkelig nøgde.. Løysinga var å strikke ei hue på frihand, med utgangspunkt i den klassiske pilotlua. 









Hua er strikka med dobbel tråd merino extra fine, på pinnestr 4,5. Då plagg strikka med dette garnet av og til vidar seg litt ut etter bruk, strikka eg den litt stram, for so å vaske den og forme den til slik at den skulle sitte godt på Emilhovudet. Eine "klaffen" har fleire knappehol, slik at den kan strammast om hua skal utvide seg noko meir. 

tirsdag 1. januar 2013

Hauststrikk


Her er nokre av strikkeria som har blitt til i haust:  






Over: Lestar til nye verdsborgarar frå Myk Start og Garnstudio. Strikka i merinoull. 





Pixiehue til venstre, blomsterhue til høgre. Emil er latt seg bestikke og prøver hua med eit visst ubehag. 

 Pixiehua er henta frå denne oppskrifta: http://trikoter.blogspot.no/2009/05/trudes-pixielue-med-hals.html

Blomsterhue frå denne bloggen: http://touchofvanillastrikker.blogspot.no/2012/08/jeg-har-ei-tulle-med-yne-bla.html








Huer strikka "på rus" til nyfødtfotografering, tjukt garn på pinnestr 10. 


Bukse til Max: 







Bukse i baby- merinoull. Max er ein gardsgut, så ein traktor på brystet måtte det bli. 





Tovavottar til Emil strikka "på rus" i godt islandsk ull. 




Godt nytt strikkeår til alle strikkeglade der ute!