Totalt antall sidevisninger

torsdag 14. februar 2013

Emilgenseren


  

 Denne blei strikka på frihand ei arbeidshelg, utan å kunne prøve den på Emil undervegs.. Eg var heilt sikker på at eg strikka den meir enn stor nok, og at den kom til å vare til neste vinter også. Men den passa berre akkurat, og kjem berre til å kunne brukast denne vinteren.. Men den er mykje brukt allerede, og passar godt til pilothua! Det gjekk med 4 garnnøster av Nepal frå Drops, men skulle hatt et par meter meir med tråd slik at halsen kunne hatt den lengda som var tenkt..



Mønster: eget
Garn: Nepal frå Drops
Pinnestr: 4,5
Treknappar frå Stoff og Stil







torsdag 7. februar 2013

Pilotlue

Emil har fått seg "pilotlue". Han trengte ei god hue som er varm, kløfri og har god passform. Den skulle varme godt både i nakke og på kinn, utan å sige ned i augene. Vi har prøvd utallige huer utan å bli skikkelig nøgde.. Løysinga var å strikke ei hue på frihand, med utgangspunkt i den klassiske pilotlua. 









Hua er strikka med dobbel tråd merino extra fine, på pinnestr 4,5. Då plagg strikka med dette garnet av og til vidar seg litt ut etter bruk, strikka eg den litt stram, for so å vaske den og forme den til slik at den skulle sitte godt på Emilhovudet. Eine "klaffen" har fleire knappehol, slik at den kan strammast om hua skal utvide seg noko meir.