Totalt antall sidevisninger

lørdag 23. mars 2013

Egg utan øyreverk - med oppskrift



Ein måte å halde egga på påskebordet varme på. Enkle og raske å lage, og ungane syns dei er superartige!














Bruk kva garn som helst, så lenge dei passar til pinnestr 3.

Lue med fletting:

Legg opp 30 masker på strømpepinnestr 3,5. Strikk rundt 1r, 1 vr, 4 omg. På neste omgang strikk 11 masker rett, 2 vr, 4 rett, 2 vr, 11 masker rett. På neste omgang strikk 11 r, 2vr, sett to masker på en "hjelpepinne" foran arbeidet utan å strikke desse. Strikk dei neste to maskene bak hjelpepinnen, strikk maskene på hjelpepinnen, 2 vr, 11 rett. Gjer dette kvar 4. omgang. (omgangane imellom strikkast 11 r, 2vr, 4 rett, 2 vr, 11 rett). Strikk slik til arbeidet måler 6 cm, fell så 12 masker jamt fordelt på dei neste to omgangane. Tre tråden gjennom dei gjenverande 18 maskene og snurp igjen. Stram og fest tråden. Lag små duskar (ca 1,5 cm) og fest dei i toppen.

Lue med rullekant:

Legg opp 30 m, strikk rettstrikk rundt til arb måler 6 cm, fell 12 masker jamnt fordelt dei neste 2 omg. Tre tråden gjennom dei gjenverande 18 maskene og stram. Fest dusk i enden.  




GOD PÅSKE!!!